Tilbake Tilbake: Angst

Forum

På Sidetmedord.no kan du dele tanker og følelser med andre brukere eller våre ansatte veiledere. Bruk forum og vennetjeneste for å utveksle erfaringer og meninger med andre brukere, eller send en melding anonymt til oss og få svar innen 48 timer. 

Logg inn

 
  • Ny? Du som skriver til oss er helt anonym, og vi som jobber med tjenesten har taushetsplikt.

Min historie - begynnelsen.

Du må være logget inn for å skrive i forumene.

Logg inn Ny bruker

Forfatter
Melding
Avatar

Min historie - begynnelsen.

juli 31 2017 - 22:57
Hei!
Fyrst vil eg få fram at denne sida har vore til stor hjelp. Stor hjelp!

Det er snart eitt år sidan eg "møtte veggen". September 2016.
Før har eg ikkje skjønt dette utrykket, men no gjer eg det, for eg følte panna traff ein vegg.

Ein del har skjedd familiært opp gjennom åra og har nok logge og ruga innvendig. Har liksom ikkje tatt tid til meg sjølv og mine eigne problem. Har berre kasta dei vekk/lagt dei på hylla - meg og mitt måtte venta, for det var andre rundt meg som trong hjelp.
Eg kom ut av skåpet som 15-åring, og som kristen blei det ikkje tatt godt imot av andre kristne rundt meg. No har eg vore heldig med familien min, som alltid har akseptert meg, men det var likevel tøft å ha vener som trakk seg vekk.
I dag, 10 år etterpå, lev eg godt med det og vera både lesbisk og kristen. Møter sjølvsagt menneskjer som ikkje taklar det, men det er deira problem.

Tilbake til september 2016, ein tysdagskveld.
Eg gjekk opp til mor mi som sat i stova. Sat meg ner i sofaen og var stille.
Mor mi kjenner meg veldig godt, så ho såg nok på meg at noko var gale.
"Køyr meg til brua", sa eg. "Eg orkar ikkje meir".
Me tok kontakt med legevakten og eg snakka lenge med dei. Var godt å få letta på trykket til mor og fagfolk, og eg tenkte det var over.
Gjekk på jobb dagen etterpå som om ingenting hadde skjedd. Etter ein time på jobb kom det; "bom", der traff eg veggen. Tårene byrja og trilla, dei rant og rant og eg klarte ikkje å stoppa. Såg meg rundt, at borna hadde det bra (jobbar i barnehage) og at det var andre vaksne der. Sneik meg vekk så ingen skulle sjå at eg grein (for det var jo so flaut). Kom meg til slutt inn til ei på kontoret, sat meg ner og fortsatte med hulkinga.
Ville ikkje snakka med nokon om det på jobb så ho køyrde meg heim. Eg tok kontakt med fastlegen min og fekk meg ein sjukemelding. Han ville absolutt at eg skulle gå på piller, men det ville ikkje eg. Eg sa han måtte henvisa meg til psykolog, og det gjorde han. Han sa at det kunne ta opp til 4 mnd før eg kom til psykolog og han råda meg til å gå på piller til eg fekk svar - han gav seg ikkje med dei pillene og berre argumenterte for at eg skulle gå på slike piller. Når han var ferdig med å argumentera legg han til at dei pillene kunne ta 1 mnd før dei byrja å virka. Men då kunne eg jo berre venta på svar frå psykologen...eg trong jo hjelp med det same!!
Heldigvis tok det berre to veker før eg fekk svar frå psykologen, men dei to vekene låg eg i fosterstilling i senga og grein. Enten var hovudet full av tankar, eller så var det heilt tomt. Ikkje fekk eg sova, muskelsmertene tok knekken på meg og ingen mat gjekk ner.

Depresjonen som eg fekk diagnostisert er i dag gått over til angst.
Angst som har medført fleire plagar. Verking i hovud, brennande følelse under beina, prikking i armar og bein, mageproblem og meir. Smertene er so intense enkelte gongar at eg blir gal. Og då kjem også tankar opp. For drep ikkje dei smertene meg, så får dei meg nok til å måtta enda plagane sjølv. Men dog igjen, har eg jo angst for å dø. Og kjem det nye plagar, noko nytt som skjer med kroppen, så blir eg so redd at eg skriv dei inn på Google og håpar det skal roa meg ner.
Nei, tvert imot! Var eg ikkje sjuk frå før av så blir eg det i alle fall då. Søker og søker og ender alltid opp med at eg sikkert har kreft ein eller anna plass.
SLUTT MED DET DER!! (Tanke til meg sjølv, men det er ikkje lett).

Det hjelper å gå til psykolog, Det hjelper å snakka med både han og andre nære rundt meg. Han seier det vil ta tid, og at ting eg har opplevd ikkje vil forsvinna. Men for kvar gong eg snakkar om det..eller som no, skriv om det, så vil vegen bli lettare å gå og plagane lettare og håndtera. Eg håpar og trur eg allereie er komen eit godt stykke på veg.

Takk for at du tok deg tid til mitt innlegg!
"For Han skal gi sine engler befaling om deg, at de skal bevare deg på alle dine veier"
Salmene 91:11




Avatar

Re: Min historie - begynnelsen.

aug 1 2017 - 00:49
Hei. Så godt å høre at familien din aksepterte deg. Det er kanskje ikke så morsomt at venner forlater deg for den du er, men da tenker jeg at det kanskje ikke er gode venner..? Også bra at du får hjelp av en psykolog, og at du sakte men sikkert får arbeidet deg opp igjen! Det er helt utrolig hvordan plagene kan lindres av å snakke om det.

Jeg er nylig blitt kristen, og vil gjerne legge deg til som venn! :)
Til forsiden